Matrikkelen av Ved Randi Kristin Strand. Med gardsnamnregister utarbeidd av Rolf Strand

Størrelse: px
Starte visningen fra side:

Download "Matrikkelen av 1723. Ved Randi Kristin Strand. Med gardsnamnregister utarbeidd av Rolf Strand"

Transkript

1 Matrikkelen av 1723 Ved Randi Kristin Strand Med gardsnamnregister utarbeidd av Rolf Strand Romsdal Sogelag

2 FØREORD Arbeidet med avskrifta av 1723-matrikkelen har vore eit prosjekt over fleire år som eg har hatt ved sidan av anna arbeid. Å vere etter kvart fembarnsmor i full jobb har gjort dette til ein langsam prosess. I denne samanhengen ønskjer eg difor å rette ei stor takk til Romsdal Sogelag ved Bjørn Austigard for tolmodig venting over lang tid. Eg ønskjer også å takke bror min, Mads Åge Strand, for å ha hjelpt meg med eit tidkrevjande rednings- og omformateringsarbeid etter at det første manusutkastet mitt i mac-format krasja og gjekk heilt i vranglås. Mannen min, Olav Harnes, har bidrege med tolkingshjelp til vanskelege tekstavsnitt i den gotiske, handskrivne originalen, med korrekturlesing av innleiinga og elles med oppmuntring undervegs. Molde, Randi Kristin Strand 2

3 MATRIKKELEN AV INNLEIING Bakgrunn... 4 Kva gjekk matrikkelprosjektet til Nobel ut på?... 5 Saksgangen... 7 Kritikk og motstand... 8 Ei landsomfattande matrikulering...10 Matrikuleringsarbeidet i Romsdal...11 Matrikkelen vert forkasta...13 Intrigar og maktkamp...14 Storpolitikk...14 Kva hende med matrikkelen?...16 Kva kan vi finne i matrikkelen?...17 Eksaminasjonsprotokollen...17 Matrikuleringsprotokollen...18 Om avskrifta av matrikkelutkastet frå Feilkjelder...21 Utgjervarteikn...21 Forkortingar...22 Vekteiningar...23 Ordforklaringar...24 Kjelder...25 Utrykte kjelder...25 Trykte kjelder...25 Litteratur...25 Forkortingar i fotnotane...25 ROMSDALS FOGDERIETZ NYE MATRICULL FORFATTET IN ANNO Fanne åtting Eresfjord åtting Rødven åtting Romsdal åtting Voll åtting Vestnes åtting Sund åtting Vågøy åtting GARDSNAMNREGISTER VED ROLF STRAND

4 Matrikkelen av Innleiing. En aldeles nødvendig Betingelse for Stats-Samfundets Tilværelse er: at hver dets enkelte Lem maa bidrage til det Heles Vedligeholdelse. Dette kan ske ved Opoffrelse af physisk Kraft, ved Præstationer af de til Livets Nødvendigheder henhørende Varer, eller ved Betaling af Penge. Frå innleiing til Forklaring over Hoved-Matriculerings-Commissionens Arbeide i På talet var omlag 90% av folket i Noreg busett på landet og knytt til jordbruket. Her fann kongen militærmannskapet, dei fleste skatteytarane og den næringsvegen som fødde dei fleste av undersåttane. Jordeigedomsforhold og jorda som skatteobjekt var difor interessante område for den dansk-norske kongen og embetsverket hans. Skylda eller landskylda låg til grunn for skattlegginga av fast eigedom. Skylda var opphavleg den leigeavgifta leiglendingen betalte til gardeigaren. Jo høgare skyld ein gard hadde, jo meir skulle den betale i skatt. Landskylda vart dermed skatteskyld. For å skaffe seg oversyn over grunnlaget for skatteutlikninga fekk styresmaktene utarbeidd matriklar. Matriklar er med andre ord oversyn over grunneigedom. Skatteskylda innført i matriklane kallast matrikkelskyld. I matriklane finn ein såleis lister over eigedomar med opplysingar om eigar, oppsitjar/ brukar, skyld og skatt. Bakgrunn Matriklane var ei vidareutvikling av jordebøker og skattelister. Ei overgangsform frå skatteliste til matrikkel var skattemanntalet frå Det markerte ei omlegging av skattesystemet ved at landskatten 2 vart oppheva. Ein gjekk no over til ein kombinasjon av gardsklassesystemet som var plassering av gardar i gardsklassar med faste takstar og landskyld. I 1661 vart det nedsett ein kommisjon for å registrere all jordeigedom og utarbeide ny matrikkel. Arbeidet vart utført, men utan at skylda vart justert i samsvar med einskildgardanes dåverande bruksverdi og skatteevne. Få år etter vart det difor i 1665 gjort forsøk på ein landsomfattande revisjon av matrikkelskylda. Det synte seg likevel i ettertid at det var mishøve i matrikkelskylda både mellom dei einskilde tinglaga og innanfor eitt og same tinglag. Dette grunna i at arbeidet ikkje var utført på ein heilskapleg måte. Ein hadde mellom anna ikkje teke omsyn til at nokre gardar hadde tilhøyrd adelsgods der skyldsettinga 1 C. P. Blom: En historisk Indledning om Norges ældre skyldsætning: X, i Forklaring over Hoved- Matriculerings-Commissionens Arbeide. Christiania 1826: 1. 2 Landskatt, eller leiglendingsskatt, var hovudskatten på landbefolkinga. 4

5 var gjort etter godseigarens hovud, og heller ikkje til at tinglags- og distriktsinndelinga somme stader hadde endra seg. 3 At skylda vart rekna i ulike species 4 eller vareslag, gjorde ikkje saka betre. Skattesystemet var framleis urettvist og uoversiktleg. På byrjinga av 1700-talet kom det fleire framlegg om revidering av matrikkelen til kongen i København. Ein ville freiste å oppnå orden og rettferd for å skape ro i Noreg. Først ute, i 1706, var Rasmus Krag, tidlegare forvaltar over Reinskloster, med eit matrikkelprosjekt for Trondheim stift. Året etter sende amtmannen i Nordlandene, Ove Schelderup, eit liknande framlegg for sitt amt. Begge desse framlegga vart liggjande utan at noko skjedde. 5 Same år mottok Fredrik IV eit tredje prosjekt, forslaget gjaldt denne gongen for heile landet. Innsendaren var Hans Nobel, dåverande amtmann i Romsdals amt. 6 Kva gjekk matrikkelprosjektet til Nobel ut på? I planane må Nobel ha teke utgangspunkt i tilhøva slik han kjende dei i amtet. I utgreiinga si la han fram at gardane frå dei eldste tider vart skyldsette eller matrikulerte etter storleiken på avling, avkastninga frå skog eller utbyttet frå fiskeri. Nobel peika på at denne fordelinga av skyld hadde vist seg urettvis for dei gardane som låg ved havet i høve til dei som låg lenger inne: Utkomma frå fisket hadde stor variasjon år for år. Fisket var dessutan felles for alle, også for dei som hadde gardar lenger inn i landet. Nobel meinte at skyldsetjing med utgangspunkt i fiskeutbyttet var den direkte årsaka til at eendeel af de største Gaarder ved Søe-Kanten nu aldelis ligger øde og ubebygde. 7 Matrikulering gjort i eit godt fiskeår førte til at bøndene ikkje makta å svare skatt og landskyld etter takst i jordebok og matrikkel når fisket seinare svikta. Samstundes kunne ein gard som hadde gode innkomstar frå sagbruk og andre herligheder 8, betale etter ein låg takst som var fastsett før garden var ferdigrydda og sett i full drift. At gardar som var sterkt forbetra sidan skyldsettinga i 1660-åra, skulle betale same skatt som ein dårleg gard som låg meir eller mindre aude, var både urettvist og verka til hinder for skatteinngangen til kongen. 3 Blom: IX-X. 4 Slike skyldspecies kunne vere vadmel, hermelin, mårskinn, huder, kalveskinn, tjære, bast, never osb. 5 Andreas Holmsen: Fra Sunnmørs-matrikkel til Norges-matrikkel. I Heimen bd /51: Brev datert Frå Døssland, Atle: Med lengt mot havet. Fylkeshistorie for Møre og Romsdal , Bd.I, Oslo 1990: Holmsen: Herligheder er dansk og har mellom anna tydinga bra og attråverdig. Når det er snakk om herlighedene til ein gard er då meint ressursar eller særskilte rettar knytta til garden. Det kan til dømes vere skog, rett til sagbruk, rett til å drive jakt eller laksefiske. 5

6 Skylda var etter gamalt fastsett i høgst ulike vareslag. Det kunne vere ulike typar korn, smør, ost, ulikt tilverka fisk og så bortetter. Alt i 1693 hadde statthaldar Gyldenløve sendt inn forslag om å gjere noko med dei 72 ulike skyldspesier som eksisterte utan at noko vidare vart gjort. 9 Nobel tok no tak i dette og ønskte å få til eit system som verka likt over heile landet. Dei ulike vareslaga skyldsetjinga var i, måtte samordnast til eitt slag med lik verdi overalt. Eit anna mål for Nobel var å få øydegardane tilbake i drift slik at eigarane slapp å stå økonomisk ansvarleg for leiglendingsgods som ikkje var i bruk. Målet med prosjektet var å auke inntektene for kongens gods og for andre godseigarar. Samstundes skulle nyordninga vere meir rettferdig for oppsitjarane: Ingen skulle svare for meir enn dei hadde evne til etter garden. Nobel såg fleire føremoner også. Han argumenterte for at kongen no lettare kunne få mannskap til dei militære avdelingane sine. For dersom kvar gard vart taksert slik at den kunne svare til den leigeinntekta garden faktisk gav eigaren, ville ein unngå at flittige og ambisiøse menn hæmmelig sniger sig bort til framande land for å finne seg betre utkomme enn det dei kunne få ut av ein dårleg og tungt skattlagt gard heime. Men med dend lade og dovne haver det ingen Fahre, saasom han giærne lader sig nøye endten at være een Huusmand eller og blive een Tiggere udi Landet, meinte Nobel. 10 Ein ny matrikkel skulle altså sikre at dei beste folka vart verande i landet til nytte for kongen og fedrelandet. Korleis skulle matrikuleringa utførast? Ved gjennomføringa av den nye takseringa tykte Nobel det var best om medlemmene av matrikuleringskommisjonen sjølve drog på synfaring på gardane. Det var på denne måten matrikuleringa i 1660-åra hadde blitt utført i amtet. Nobel meinte at om ein bonde såg sitt eige bruk nøye taksert bekiender hand vel giærne og utvungen sin Nabois Lejlighed. 11 Denne framgangsmåten skulle med andre ord gjere det muleg å kontrollere at opplysingane var rette bøndene imellom. Nobel var skeptisk til å la sorenskrivar, prest eller fut vere kommisjonsmedlemmer då desse hadde sterke eigeninteresser både som gardeigarar og proprietærar 12. Elles meinte han det var viktig å ta omsyn til at jorda var meir fruktbar inne i landet enn ute ved havet, at kornavlen var vanskeleg å få til på fjellgardane og at gardane hadde ulike føresetnadene når det gjaldt nærleiken til beite og slåttemark. 9 Steinar Supphellen: Statthaldarinstitusjonen i Noreg Trondheim 1983: Holmsen: Sm.st Proprietærar var gardeigarar som ikkje drev gardane skjøv, det vil seie godseigarar. 6

7 Saksgangen Nobels forslag om ny matrikulering vart nøye gjennomgått i Kanselliet i Embetsverket laga innstilling til kongen, men på grunn av at den store nordiske krig blussa opp att, vart planane liggjande. Etter nokre år, i 1713, leid hovudfienden Sverige eit avgjerande nederlag. Nobel, som oppheldt seg i København heile dette året, fekk no gjennomslag for matrikkelframlegget samt fleire andre idear han hadde liggjande hos styresmaktene. Den 4.desember vart det ved kongeleg resolusjon i Rentekammeret bestemt følgjande: Stiftamtmændene og Amtmændene i Norge maa opfordres til at forelægge kammeret deres Forslag om den bedste Indretning af en ny Matrikkel m.m., hvorefter Kammeret har at indsende en Plan, og Amtmand Nobel maa i et af sine Fogderier foretage Prøver i den Retning. 13 Matrikkelrevisjonen var dermed i gang. Resolusjonen vart fjorten dagar seinare følgt opp med eit kongebrev til alle stiftamt- og amtmenn i Noreg. I dette vart det slått fast at føremålet med arbeidet skulle vere å rette opp matrikkelskylda slik at skylda samsvarte med verdien på jorda, at ulike bondeskattar vart samla i ein skatt, at skyldsettinga vart samordna i eit felles vareslag og at skiftande skattar og avgifter måtte regulerast til ein fast årleg sum. Alt dette var i samsvar med framlegget til forslagsstillaren. Hans Nobel vart bede om å lage ein prøvematrikkel for Sunnmøre. Truleg var det Rentekammeret som valde dette futedømet på grunn av at det hadde vore mykje ugreie med skattane der. 14 På slutten av året i 1714 leverte Nobel den nye matrikkelen til Rentekammeret etter først å ha synt den fram for Slottsloven 15 på Akershus. Vedlagt var ei skriftleg utgreiing om arbeidet. Alle dei ulike skyldslaga var no omgjort til hartkorn, odels 16 - og rosstenesteskatt 17 var lagt på all jord, korntiend 18, konsumpsjons- og folkeskatt 19 var gjort til faste årsinntekter for kongen, leidangen 20 var sett til ein viss sum per skyldeining, alle kverner var skattlagde 13 Resulusjon datert Frå Holmsen: Sm.st Slottsloven var eit utval som under den store nordiske krig , fungerte istaden for statthaldaren på Akershus. Visestatthaldaren var formann i Slottsloven. Dei andre medlemmene var to stiftamtmenn, ein amtmann og ein høgare offiser. HL: Odelsskatt var ein særskatt som bøndene betalte på landskyldsinntekt av jord dei ikkje sjølv brukte. Sjå Andreas Holmsen: Noen skatter fra dansketida, trykt i Halvard Bjørkvik red.: Nærsamfunnet i historisk lys, Oslo 1973: Rosstenesteskatt var ein pengeskatt utlikna på landskylda. Skatten vart brukt til utrusting av ryttarar til krigsteneste. Sjå HL: Korntiende var ei avgift til kyrkja på 1/10 av årsavlinga. Sjå HL: 173, Konsumpsjonsskatt var eit samleomgrep for fleire ulike skattar. I kjøpstadene vart skatten lagt på innførte matvarer og varetransport. På landet på gardeigarfamiliar som ikkje var bønder, stalleigarar (ikkje bønder) og som ei avgift på inngåing av ekteskap. Folkeskatt ein konsupsjonskatt på tenarar både på landet og i kjøpstadene. Sjå HL: Leidang var opphavleg ei sjømilitær forsvarsordning i kystdidtrikta der bøndene skulle ruste ut skip med mannskap når det var naudsynt. Leidangen vart tidleg endra til ein årleg skatt. Leidangsskatten skulle utliknast med grunnlag i landskylda. Sjå HL:

8 og husmanns- og strandsitjarskatten 21 regulert. Trass i alle tiltak synte det seg likevel at arbeidet ikkje førte til noko særleg auke i inntektene for kongen. Dette forklarte Nobel med det meget øde Gods. som meere end udi Mands Minde udi dette Fogderie har været beliggende. For det andre oppgav han at udi dette Fogderie hvercken findes Schouger, Saugbrug, bergverker eller nogen deslige Herligheder... Vidare utgjorde dei mektige og ville naturtilhøva i futedømet ei konstant utfordring og fare for innbyggjarane då een stor Deel af bemeldte Fogderie bestaar av u-frugtbare Fielde og farlige Presepier 22, hvor Indbyggerne, som der under boer, offte tager Schade baade af Biergfald og Sneeschreed, som om Høsten og Vaaren falder ned af Biergene over dennem og borttager deris Huus, Gaard, Folch og Qvæg, saa det er bekiendt at mange Familier paa denne Maade offte ere blevne ruinerede, og Landet paa adschillige Stæder lagt øde. 23 Nobel konkluderte difor med at det ikkje var noko særleg von om å kunne auke inntektene med meir enn dei 1672 riksdalarane ommatrikuleringa på Sunnmøre hadde ført til. Nobel var likevel nøgd med arbeidet sitt og fekk no Rentekammeret med på at heile Noreg skulle matrikulerast som på Sunnmøre. Ved kongeleg resolusjon i 1715 vart det då bestemt at skattane på Sunnmøre skulle innkrevjast etter den nye matrikkelen 24, og Nobel skulle halde fram å lage prøvematriklar for Nordmøre, Romsdal og eit futedøme sønnafjells, anten Hedemark eller Gudbrandsdalen. 25 Dette siste vart det likevel ikkje noko av på grunn av ny opptrapping av krigen. 26 Kritikk og motstand Det var ikkje berre krigshandlingar som skapte problem. Hans Nobel hadde fått skarp kritikk frå Slottsloven fordi reguleringa av skyldsetjinga på Sunnmøre var blitt gjort utan grunngjeving for kvar gard. Rentekammeret gav han difor pålegg om at revisjonen av skylda måtte gjerast gjennom ei nøyaktig kartlegging av Herlighedene gard for gard. Nobel, som var ivrig etter å kome vidare med planane sine, snudde då og gjekk i framlegget til instruks for matrikuleringsnemndene sterkt inn for både synfaring og skildring av gardane. Men når 21 Stransitter- og husmannskatt var ein skatt som vart lagt på slike som leigde seg grunn til eit hus eller ein plass. 22 dvs. stup 23 Holmsen: Resolusjon datert Odelsskatten vart ikkje godkjend av kongen. Frå Holmsen: Sm.st Supphellen: Den politiske bisp. Bartholomeus Deichman i norsk historie , Trondheim 1989: 77. 8

9 det gjaldt kritikk om at ei tønne hartkornskyld 27 overalt måtte svare til same jordverdi gjennom oppmåling og bonitering av åker og eng som i den danske landsmatrikkelen, protesterte Nobel og argumenterte med at naturtilhøva i Noreg var heilt annleis enn i Danmark: Ei god hamn kunne gjere ein liten gard betre enn ein stor. Det å ha ei elv eller ein kjelde på garden var ein stor fordel som ikkje kom alle gardar til del. Nokre hadde vassrenner til å vatne markene og åkrane sine med, andre ikkje. Ein del gardar låg så langt borte frå kyrkjene at familiane måtte bruke eit par vekedagar til kyrkjeferd. Det var vidare stor skilnad på om garden låg i ei solfylt li eller under skuggen av høge fjell, om engene låg nære tunet eller i fjellet. Til dømes måtte ein ved heimkøyring av høy frå dei sistnemnde med stor møie og Umage bryde sig vej igjennem Sneen og kiøre dett hiem. Fôrtilgangen var også ulik: Nokre brukte mose sanka frå fjellet, andre tang og tare som de tager af Skiærene udi Haved. 28 Nobel var med andre ord svært merksam på dei varierande tilhøva og driftsformene bøndene i Noreg dreiv under. Arbeidet heldt fram, men kritikken stilna ikkje. Ved kongeleg resolusjon 1717 vart ein granskingskommisjon oppnemnt av kongen for å forhøyre Nobel og allmugen på Sunnmøre, etter at det hadde kome alvorlege klagemål frå bøndene der. 29 Klagene gjekk ut på at matrikkelrevisjonen var blitt gjort utan synfaring på gardane, og utan å ta omsyn til kyndige folk, lagretten eller allmugen sine meiningar om saka. Nobel og folka hans hadde berre forhøyrt seg med jordeigarane om kvar gard. Vurderingar og innvendingar frå bøndene var oversedde. Den ferdige matrikkelen var heller ikkje førelagt oppsitjarane. Det vart jamvel påstått at lagmennene, under truslar frå viseamtmann Michael Storm frå Bergen, hadde blitt tvungne til å setje segla sine på eit Støche løst Papiir som ei den Tiid noget var skrevet paa. Papira skulle deretter ha blitt hefta ved matrikkelen. 30 Ein slik framgangsmåte for å få arbeidet rettsgyldig var sjølvsagt høgst tvilsam og dessutan ulovleg. Bøndene kjende seg også lurte ved at det som Nobel hadde presentert som ei prøve utan praktiske følgjer, likevel vart gjeldande matrikkel. Klageskriva dei ville sende til styresmaktene, liketil med støtte av sunnmørsfuten og sorenskrivaren, vart stoppa av amtmann Must. Nobel skulle også ha reist til Sunnmøre i 1716 og truga bøndene: Dei skulle få gråte for klageskriva sine, og barna og barnebarna deira skulle forbanne dei. Nobel skulle aldri meir gjere noko for ein 27 Hartkorn var eigentleg hardt korn, dvs. rug, kveite eller bygg. Hartkorn var vanleg landskyldvare i Danmark der det var ei omrekningseining for andre landskyldslag. 28 Holmsen: Kongeleg resulusjon av Frå Holmsen: Døssland:

10 sunnmøring, for med unntak av omlag 10 mann fanst det ikkje ein ærlig mand på Sundmør. 31 Kommisjonen, som besto av to stiftamtmenn og to lagmenn, fann at klagene stort sett var i samsvar med dei faktiske tilhøva. Likevel kom Nobel seg unna dei alvorlege skuldingane ved å hevde at hjelparane hans hadde opptredd eigenrådig og ikkje etter ordre. Det vart synt til at Storm hadde gjort endringar som Nobel ikkje visste om då han skreiv under matrikkelen, slik at han ved seinare ettersyn ikkje kjende arbeidet sitt att. Kanselliet festa lit til Nobel og konkluderte med at arbeidet måtte vidareførast over heile landet så snart den pågåande krigen med Sverige var slutt. Inntil vidare fekk bøndene på Sunnmøre løyve til å betale etter den gamle matrikkelen. 32 Seinare vart arbeidet i dette futedømet gjort på nytt. 33 Ei landsomfattande matrikulering I 1721 sende kongen eit opent brev om ny matrikkel. 34 Føremålet var som tidlegare at faae en lighed og fast Vished i de Kgl. Skatter samt Jordegodsets Taxt over Norge. For å hindre uro vart det vektlagt at føremålet var rettferd, ikkje pålegg av nye tyngsler. Som leiarar for arbeidet vart utnemnd ikkje uventa Hans Nobel, som no var flytta til Danmark der han hadde eit gods på Fyn. I tillegg kom overhoffmeisteren til dronninga: Christian Fredrik von Holstein. Sekretær var Andreas Hojer. Året etter vart bispen i Christiania: Bartholomeus Deichmann, pålagt å samarbeide med Nobel om sjølve utføringa av matrikuleringa. 35 Deichman hadde stor kongeleg tillit og hadde eit godt forhold til dronninga. Han vart rådspurt i mange slags saker og hadde stor påverknadskraft. Det finst jamvel døme på at han vart nytta som kontroll på statthaldaren i Noreg. 36 Med den høge stjerna og tilliten han hadde i København var det naturleg at han vart sett på denne viktige saka. Deichman og Nobel vart sidan titulerte som direktørar, medan Holstein var overdirektør for matrikuleringa. Hausten 1722 vart utnemnd kommisjonar som skulle stå for den praktiske gjennomføringa i amta og futedøma. I kommisjonane sat stiftamtmenn, amtmenn, sorenskrivarar, lagrettemenn og etter kvart bispar og prestar. 37 Den nye statthaldaren 38 i 31 Sm.st Kongeleg resulusjon Frå Holmsen: Døssland 1990: Brev datert , sjå Supphellen 1989: 78. Brevet nemnt i WBI: Reskript datert , WBI: Supphellen 1989: Reskript av (bispane), WBI: 465. Forordning (prestane), sjå Supphellen 1989: Statthaldarembetet vart oppretta i Statthaldaren skulle føre kontroll med forvaltinga og vere kontaktmann mellom sentralstyret, embetsverket og almogen. Seinare vart statthaldaren fast medlem i riksrådet 10

11 Noreg, Ditlev Wibe, sendte ut ordrar til amtmenn og lagmenn. 39 Etter at Nobel hadde flytta til Danmark, kom han meir og meir i bakgrunnen, og det vart etter kvart kanselliråd 40 og lagmann 41 Peter Vogt saman med Deichman som leia arbeidet i Noreg. Desse hadde oppgåva å svare på spørsmål og ta imot matrikkelutkast som skulle vidaresendast til Danmark. 42 Matrikkeldireksjonen var også overordna klageinstans. Matrikuleringsarbeidet i Romsdal I perioden vart landsmatrikuleringa sett i verk. I Romsdal heldt kommisjonen den første samlinga si i Molde 27.januar Møtet for Fanne åtting 43 vart leia av Erich Must, amtmann i Romsdal som dessutan var Hans Nobels svigerson, samt Christian Solgaard; assessor i Overhoffretten 44 og dertil Vice-Laugmann over Trundhiems Laugstoel. Forretninga vart opna ved at ein leste opp alle Patenter, Forordninger, Instructioner og Ordres om Matriculens indrettelse. Innhaldet vart nøye forklart Posteviis for allmugen. Så heldt soknepresten i Veøy Erich Leganger ein kort tale der det vart forklart at føremålet med matrikkelrevisjonen var en rætfærdig Lighed og Ligning imellem jordeier og Jordbrugende. Deretter vart alle oppmoda til å være lydige og ærlege når dei skulle gi opplysingar om gardane sine. Til sist vart utnemnt ein lagrett av de Elste, fornuftigste og beskedligste Sogne Mænd. I tillegg til presten var det 6 menn som gjorde eid på at dei skulle hjelpe kommisjonsmedlemmene på ein rettvis og usjølvisk måte. Presten Erich Leganger hadde på førehand gjort eid til Biskop Krogh. Futen Børge Eg og sorenskrivaren Johannes Friis skreiv under eidserklæringa under møtet. 45 Fire dagar etter, den 31. januar, var allmugen på nytt innkalla til eit felles møte. Kommisjonsmedlemmene hadde i mellomtida samla inn opplysingar frå bøndene og var no ferdige med å registrere gardane og vurdere skyldsetjinga. Den nye matrikkelen, innført i eit og var kongens rådgjevar i saker som gjaldt Noreg. Statthaldaren var periodevis øvstkommanderande i den norske hæren og frå 1667 var han president i overhoffretten. Sjå HL: Supphellen 1989: Kannseliråd var etter 1660 ei fellesnemning på medlemmene av kansellikollegiet eller regjeringskontora, tidlegare Kanselliet. På 1700-talet gjekk kanselliråd over til å bli ein tittel som markerte ein særskilt rangklasse. Sjå: HL: Lagmann var ein statstilsett dommar som dømte på lagtinga. Lagmannen som embetsmann hadd e stor juridisk kompetanse og høg sosial posisjon. Lagmenn vart ofte utnevnt til kongelege kommisjonar, til dømes i skatte - og matrikkelkommisjonar. HL: Supphellen: 1989: Åttingen var rettskrinsen for bygdetinget. HL: Overhoffretten vart oppretta i 1666 som høgaste rettsinstans for Noreg. Domstolen kom i staden for dei norske herredagane. Overhoffretten kom saman på Akershus ein gong i året den 25. januar. Dei handsama då alle dei instemna sakene som hadde kome inn sidan førre møte. Dommarane vart kalla assessor. HL: 26, Eksaminasjonsprotokollen for Romsdal: 6b-7b. 11

12 skjema utsendt frå styresmaktene, vart no opplest for allmugen. Sidan vart det stilt spørsmål til lagretten og allmugen om dei visste av noget Skatteboel eller Rødningspladtz 46 som kunne føyast til matrikkelen. Forretninga vart så avslutta og underskriven av amtmann Must, Christian Soelgaard, presten Erich Pedersen Leganger, fut Børge Eeg, Sorenskrivar Johannes Friis, lensmannen og dei 6 lagrettemennene. 47 Denne framgangsmåten gjentok seg så i dei andre Romsdalsåttingane etter tur: Allmugen i Eresfjord åtting vart kalla saman 4. februar og matrikkelforretninga avslutta 8.2. I Rødven åtting vart møtet sett 10. februar og avslutta den 12. Romsdal åtting heldt forretning 14. februar som var til endes to dagar etter, den 16. februar. Kommisjonen drog til Voll åtting 17. februar og sette signaturane sine den 18. Vestnes åtting vart besøkt 21. februar og heldt på til 23. februar. Sund åtting kom saman 2. mars og var ferdige alt 3. mars, og endeleg Vågøy åtting, samla 4. mars, fekk sitt matrikkelutkast signert 6. mars. Over alt deltok amtmannen, Christian Soelgaard, futen, sorenskrivaren, ein prest og somme tider to, samt lokal lensmann og 6 utnemnde lagrettemenn. Forretninga tok 1-4 dagar avhengig av talet på gardar i dei ulike åttingane, og matrikkelrevisjonen for heile Romsdal var dermed ferdig etter ein månads arbeid. Protokollinnførslane frå Romsdal syner at kommisjonen må ha samla inn munnlege opplysingar frå bøndene. På Nordmøre, der matrikuleringa vart utført i 1721 og 1722, hadde kommisjonen i fleire tinglag derimot gjort grundige synfaringar av gardane. Dette hadde skjedd både i innmark og utmark, også til fjells til stort slit for kommisjonsmedlemmene. I Surnadal tok arbeidet 27 dagar og i Mek tinglag over halvannan månad. 48 To av Romsdalsåttingane skilde seg ut i så negativ lei at kommisjonen såg seg nøydde til å kommentere tilstanden deira nærare. Det var Sund og Vågøy åttingar. Sund vart skildra som eit meget svagt og dyrlagt bygdelaug medan Vågøy var dend ringeste og dyrlagdeste otting over alt. Jorda i Sund vart karakterisert som ufruktbar og med avgrensa areal, medan problemet i Vågøy tyktest å vera at jorda var udyrka og aude. Som årsak til elendet vart forklart at gardane hadde vorte takserte på ei tid då fisket var rikt, men etter at fiskerinæringa i lange tider hadde slått feil hadde innbyggjarane hamna i stor fattigdom. Skylda vart for tyngande i høve til det utkomme dei hadde av arbeidet. Kommisjonen hadde difor sett seg nøydde til paa mueligste maaeder å skrive ned matrikkelskylda. I Sund var der ingen rydningsplassar å leggje til då meere end ordinair paa alle optænckelige maader Landet er 46 Ein rydningsplass vart eit skattebol når det vart innført i matrikkelen og skattlagt. HL: Eksaminasjonsprotokollen for Romsdal: 51a-51b. 48 Døssland:

13 bebygget. Det same var tilfelle i Vågøy, men i denne åttingen fekk ein lagt til nokre busette grunnar i fiskeværa som ikkje hadde vore skattlagde tidlegare. 49 Matrikkelen vert forkasta Under matrikuleringsarbeidet for landet under eitt synte det seg at motstanden i det norske embetsverket var stor, både fordi arbeidet var tidkrevjande og fordi embetsmennene måtte forskottere utgiftene sjølve, utan garantiar om å få dekt alle utlegga. Bøndene var på si side mistruiske mot alt som kunne ende opp med auka skattetyngsler. 50 All uroa førde til at det den 4. september 1724 vart nedsett ein kommisjon som skulle gjennomgå matrikkelsaka for å ta ei endeleg avgjerd. I kommisjonen sat Statthaldar Ditlev Wibe, oversekretær i Krigskollegiet 51 Christian Carl Gabel og tre deputerte for finansane 52 : Baron Christian Gyldenkrone, konferenseråd 53 Caspar Bartholin og etatsråd 54 Johan Scrader. 55 Kommisjonen konkluderte i si innstilling på 60 sider at matrikkelen ikkje var rettvis. Den medførte høgare skatt som var i strid med kongens føresetnad. Matrikkelen måtte avvisast for å unngå uro og motstand. 56 Trass i at eit stort arbeid var lagt ned med den nye landsomfattande matrikkelen 57, enda det heile med at arbeidet vart nedlagt ved kongeleg resolusjon 8. desember 1724: At bemeldte nye Matruculs-Verk ganske og aldeles skal være ophævet, og at det i Norge herefter skal forblive ved den gamle Matrucul og de sædvanlege Skattebreve. 58 Årsakene til at matrikkelen vart forkasta var derimot mange, og ikkje alle handla direkte om matrikuleringa. Matrikkelen hadde motstandarar høgt oppe i systemet: Det dreidde seg om profesjonskamp, intrigar og maktkamp mellom embetsmenn, sjalusi og misunning i kampen om kongens velvilje, frykt for intern uro i Noreg og sist men ikkje minst om storpolitikk som munna ut i spørsmålet om nordmenns truskap i den dansk-norske unionen. 49 Eksaminasjonsprotokollen for Romsdal amt: 192a, 216b-217a, 253b-254a. 50 Supphellen 1983: Oversekretæren skulle leggje fram saker for marinen og hæren for kongen. Vidare hadde han ansvar for å ekspedere kongens avgjerder gjennom eit generalkommisariat, dvs. embetsverk for forsvaret. SJå HL: Dei deputerte for finansane var dei tre øverste embetsmennene i Rentekammeret. Den eine hadde ansvar for Danmark, den andre for Noreg og den tredje for hertugdøma. Sjå HL: Konferensråd også kalla geheimekonferensråd. Geheimeråd vart frå Christian IV brukt som namn på dei næraste rådgjevarane hans utanom riksrådet. Etter innføringa av eineveldet i 1660 vart kongens rådgjevarar framleis kalla geheimeråd, særleg dei som var med i geheimekonseilet. Desse vart etter kvart kalla geheimekonferensråd for å skilje dei frå geheimråd som også var i bruk som ein tom rangtittel. HL: 109 og Etatsråd var eit medlem av geheimekonseilet eller geheimestatsrådet. Sjå note Supphellen 1989: sm.st Matrikuleringa omfatta ikkje Finnmark. Johannesen 1992: To reskript datert Wessel-Berg I:

14 Intrigar og maktkamp Det oppstod tidleg ein kamp om makt og prestisje rundt matrikkelarbeidet. Sekretæren for matrikkeldirektørane, Andreas Hojer, skreiv etter at matrikkelen var forkasta at Nobel vart klaga for å vere udugeleg og at han vart møtt med mistanke og motstand i Noreg. Deichmann skal heller ikkje ha vore særleg populær: I København sirkulerte det før matrikkelsaka vart avgjort mellom anna eit dikt med 44 spottande vers. 59 I diktet vart bispen skulda mellom anna for tjuveri, griskheit, korrupsjon og sædløyse. Det var mange som ikkje likte at biskopen engasjerte seg i saker utanom hans eigentlege verkeområde. Mange på topplanet hadde då også grunn til å vere misnøgde: Rentekammeret fekk ikkje ta del i arbeidet slik dei meinte dei burde, og statthaldar Wibe var delvis sett på sidelina under prosessen. I København hadde bisp Deichmann mange fiendar på grunn av sitt spesielle tilhøve til kongeparet. Spesielt oversekretæren i Krigskollegiet, kammerherre 60 Christian Carl Gabel, var ein arg motstandar. Gabel var sonen til tidlegare visestatthaldar i Noreg, Fredrik Gabel. Han var ein dyktig mann som stod kongen nær. Antakeleg har han kjend sin eigen posisjon truga av Deichman. Gabel hadde alt før granskingskommisjonen vart nedsett målet klart: den Matrikul forretning skal over ende. Nobel var på si side redd for å bli tilsidesett i arbeidet og hadde difor eit skiftande tilhøve til Deichman. 61 Men stort sett støtta desse to opp om kvarandre. Både Nobel og Deichman hadde stor økonomisk eigeninteresse i å få matrikkelarbeidet i hamn, for kongen ville ikkje løne dei før matrikkelen var ferdig og godkjent. Nobel hevda sjølv at han la ut 6000 riksdalar i alle dei åra han arbeidde med saka. 62 I tillegg kom den prestisjen dei ville få om matrikkelen gjekk igjennom som ein viktig motivasjonsfaktor for begge. Storpolitikk Storpolitiske omsyn var ein viktig grunn for at matrikkelforarbeidet vart forkasta. Kongen var redd for uro i Noreg. Han hadde registrert at bøndene i Noreg var redde for auka skattar og at det også gjekk rykte om at odelsretten 63 skulle avskaffast når den nye matrikkelen vart 59 Supphellen 1989: Kammerherre var ein høg hoffunksjonær. 61 Supphellen 1989: 87, Supphellen 1989: Odelsrett er retten til å eige ein jordeigedom fordi slekt eller ein sjølv har eigd den i ei bestemt tid. Det er også retten til å løyse inn eigedomen frå ein annan eigar. HL:

15 innført. 64 Norske embetsmenn var på si side misnøgde med at dei hadde blitt pålagde ekstraarbeid som var ei økonomisk belastning for dei. Atmosfæren i København i 1724 var heller ikkje den aller beste. Biskop Deichmann oppfatta at mange sådde tvil om den norske truskapen ovanfor kongen i hovudstaden. I København vart det sagt at nordmenn var Egennyttige, Vankelmodige, Ubestandige og altid Misfornøyede. Dette uroa bispen, og i eit forsvarsskrift til kongen fann han det naudsynt å syne til nordmennenes innsats og truskap under den store nordiske krig: Ein innsats som burde vere til eksempel for alle nasjonane i verda. 65 Bispen, som ville ha matrikkelen godkjent, prøvde å overtyde kongen om at den nye matrikkelen ville ha positiv innverknad på truskapen til dei norske bøndene sidan den gamle matrikkelen var så urettvis. Når dette likevel ikkje hjelpte noko særleg, låg nok årsaka i to rettssaker om landssvik og forræderi frå 1722 og Den første saka mot Povel Juel frå Trondheim gjekk på nokre høgtsvevande planar om vondsinna samarbeid med den russiske tsaren. Russland hadde vore alliert med Danmark-Noreg under den store nordiske krig, men slike stormaktsalliansar var gjerne flyktige og ein fordelaktig situasjon kunne fort endre seg. I Danmark var ein redde for at russarane skulle ta seg til rette både i Slesvig-Holstein, Sverige og Nord-Noreg. Povel Juel hadde tidlegare vore amtmann i Lister og Mandal amt, men vart avsett. Han hadde store planar som han mislukkast med, og han ville difor hemne seg på motstandarane sine. Saman med ein tidlegare svensk general og ein svensk major ville han med tsarens hjelp ta Grønland, Island, Færøyane og Noreg frå Fredrik IV og Danmark. Som takk skulle den russiske tsaren få ein koloni på Grønland mot at Juel sjølv vart løna med ein høg tittel. Juel vart derimot teken, og under tortur oppgav han fleire medlemmer i den norske Overhoffretten som tilhengjarar av planane. Granskarane av saka fann likevel ikkje hald i dette. Derimot kunne etterretninga føre prov for at Juel hadde korrespondert med tsaren og dessutan gjort tingingar med tsarens utsending i København. Juel vart dømt for landssvik og avretta på Nytorv i København. 66 Same år kom Kommerseassesor 67 Peter Ryssel, som hadde bakgrunn frå Skien, med sterke skuldingar både mot Nobel og Deichman. Han meinte det eigentlige føremålet med matrikuleringa var å skape uro og opprør i Noreg for å få landet rive laus frå Danmark. Ryssel hadde ei problematisk fortid med mange prosessar og jamvel dom og fengselsopphald 64 Supphellen 1983: Supphellen 1989: Supphellen 1983: Skriftet var datert Supphellen 1983: 126 og Supphellen 1989: Komerseassessor var eit medlem av kommercekollegiet. Dette handsama søknader, ga råd og var apellinstans i nærings- og handelssaker. HL:

16 for underslag. Han var ein bitter mann som ikkje hadde oppnådd den framgangen i livet som han ønskte. Ryssel hadde kontakt med presten Hans Trojel i Christianshavn. Trojel retta dristige skuldingar mot dronninga og hennar næraste medarbeidarar. Både Ryssel og Trojel vart arresterte og fengsla på Munkholmen ved Trondheim. Trojel fekk dødsdom. Ryssel mista ære og gods. Desse sakene skapte naturleg nok ei mistru i København mot alt som kunne skape uro og aksjonar, ein var redde for at noko alvorleg kunne skje i Noreg. 68 Kva hende med matrikkelen? All uroa og intrigane rundt matrikkelen enda såleis med at fruktene av det store arbeidet vart forkasta. Berre nyryddingsplassar som ikkje tidlegare var skyldsette, følgde matrikkelutkastet frå I tillegg vart nummereringa av matrikkelgardar i futedøme som tidlegare ikkje hadde nummerert gardane, teke i bruk. Resten av den reviderte matrikkelen hamna i arkivet til Rentekammeret der den vart ståande som ei lang rekke arkivprotokollar. Matrikkelen frå 1665 heldt fram som gjeldande skatteutlikningsgrunnlag i Noreg. Ny matrikkel vart ikkje utarbeidd før i Supphellen 1983: 126 og Supphellen 1989:

17 Kva kan vi finne i matrikkelen?...den yderste Nødvendighed, baade for Kongen og Landet, med Tiden vil udkræve, at disse nu henlagde Matriculer uomgiengelig en Gang igien maa foretages, da de vel passerer med Berømmelse, naar Conjuncturerne blive anderledes... Frå udatert og usignert dokument om matrikkelen av 1723, truleg forfatta av bisp Deichman. 69 Sjølv om matrikkelen frå 1723 aldri vart sett i verk har den likevel kome til heider og verdigheit i moderne tid. Matrikkelen, som ikkje lenger er interessant for styresmaktene, har derimot synt seg å vere eit oppkome for alle som er interessert i slektshistorie og lokalhistorie på gardsnivå. Den er også kjelde for 1700-talets økonomiske historie. Kva opplysingar finn vi i matrikkelen? Matrikkelforarbeidet er samansett av to protokollseriar: Ein serie for undersøkingsresultata eller eksaminasjonen, og ein serie som inneheld matrikkelutkastet. For kvart futedøme finst det med andre ord ein eksaminasjonsprotokoll og ein matrikuleringsprotokoll. Eksaminasjonsprotokollen Eksaminasjonsprotokollen for Romsdal er på 508 sider. I denne finst opplysingane om einskildgardane frå dei lokale kommisjonane. I protokollen finn ein gardane samla åtting for åtting. For kvar åtting er nedskriven ei forklarande innleiing der mellom anna namna på dei som har teke del i registreringa av gardane er oppgitt. Deretter følgjer eit handskrive registreringsskjema som inneheld følgjande kolonneoverskrifter: Nummer GaardeNafne Oppsidders Tal Proprietaire og Bøxle Raadig HuusmandsPladser Skoug og Sætter Qværn og Fiskerier Beleilighed HøeAvling Heste og Creature Taxt efter gl: Matric: 17

18 I denne protokollen er alle gardane nummererte. I tillegg til matrikkelnummer får vi for kvar gard vite namn og kor mange oppsitjarar/ brukarar der er. Vidare er oppgitt namn på gardeigar og kor stor del i garden han eller dei, om der er fleire, eig. Vi får vite om der er husmenn til garden og om dei har plass eller ikkje. Med dette er meint om dei disponerer jord eller berre sit på hustomta si. Under den neste kolonneoverskrifta er det oppført om garden har skog og seter. Kvar setra ligg og avstanden til gardstunet er ofte oppgitt. Under kvern og fiskeri er nedskrive talet på kverner og om det høyrer særskilte fiskerettar til garden. Det er vel då helst tenkt på rettar til laksefiske. Ordinært fiske er ikkje rekna med her. Til dømes står det ofte oppført på gardane ytst ute mot havet i Sund Åtting: intet fiskerie uden af det vilde hav. Situasjon og beleilighed inneheld ei skildring av garden: Kvar den er plassert, ei vurdering av kvaliteten på jorda samt kor egna den er til korn- og grasavl. Etter dette kjem ei vurdering av kor lett det er å drive jorda, og om der er muleg å rydde meir jord. Så får vi opplyst kornavlen som er oppgitt i kornslag og mengde, og vidare kor mange høylass garden gir. Deretter kjem dyretalet. Dyreslaga er gjerne, men ikkje alltid, oppført etter verdi slik at hest står først, deretter mjølkekyr, så ungdyr og til sist småfe, det vil seie sauer og geiter. Dei siste tre kolonnane gjeld taksten på garden; først taksten i den gamle matrikkelen deretter kor mykje taksten skal setjast anten opp eller ned. Under kvar gards oppgåver er eit felt der herligheder, som laksevorper, sager og liknande innført og takserte. I dette feltet er også opplyst om garden har skattefritak av noko slag. Matrikuleringsprotokollen Matrikuleringsprotokollen er ikkje fullt så omfangsrik, men sjølve matrikkelutkastet er likevel på 332 sider. Det hanskrivne registreringsskjemaet registrerer gardane for kvar åtting og har kolonneoverskriftene: Nummer GaardeNafne Opsideris Nafne Taxt efter gammell Gammell Leilending Sckat Reduction til HartKorn. Nye Leilending Sckat, Nye Oddel Sckat Leeding Wunden Tabt 69 Dokumentet er trykt i P.F. Suhm: Nye Samlinger til den Danske Historie, bd.1, København 1792:311ff. Frå Supphellen 1989:

19 Toldene Aarlig Ansatte Tiende Biug Blandkorn Hafre Ost i Penge Penge Summa Også i denne protokollen er gardane sorterte etter matrikkelnummer, gardsnamn og namn på oppsitjarane. Som regel er berre innført førenamna, men med det unntak at enkjer ikkje er nemnd med namn. Elles er opplyst om gardparten er øyde. Kven som eig gardane er her utelate. Så kjem for kvar brukar ei rekkje skattetekniske opplysingar som taksten i den gamle matrikkelen, gamal leiglendingsskatt, reduksjon til hartkorn i ny matrikkel, leiglendingsskatt i ny matrikkel, odelsskatt, leidang, storleiken på kva som er vunne eller tapt i høve til eldre skattlegging, tolde, som er andre skattar, og til sist den årlege tienda i vareslaga bygg, blandkorn, havre og ostepengar. Til sist er innført den nye matrikkeltaksten som er den gamle taksten justert for beløpa i vinnings- og taps-kolonnene. Etter skjema for gardsregistrering finst eit skjema med oversyn over alle kvernar i åttingen med takst for kvar og ei av dei. Deretter eit registreringsskjema over husmenn der alle står oppført med namn, adressenamn, husmannsskatt, grunnleige og toll. Så følgjer ei liste over sager og laksevorper med takst. Deretter ei summering av alle inntektene i åttingen. Heilt sist ligg eit brev med ei kort vurdering av resultatet for matrikuleringsarbeidet i åttingen. Brevet har underskrifter og segl frå alle involverte i arbeidet. Om avskrifta av matrikkelutkastet frå 1723 Eksaminasjonsprotokollen er transkribert frå fotostatkopi av protokollsidene. Alle opplysingar frå protokollen er med. Frå matrikuleringsprotokollen er teke med følgjande opplysingar: Namn på oppsitjarar og avvikande skrivemåte av gardsnamn. Dette er i avskrifta presentert slik: Opsidders tal/ Opsideris nafne (det siste frå matrikuleringsprotokollen) Gaarde Nafne/ Gaarde Nafne (det siste frå matrikuleringsprotokollen) Resten av innhaldet frå matrikuleringsprotokollen er ikkje med i avskrifta. 19

20 I den transkriberte avskrifta er brukt eit enkelt oppsett i usynlege tabellar. Elles er det viktig å merke seg at: Avsnitt følgjer kolonnane i tabelloppsettet. Linjeskift skjer fortløpande og følgjer ikkje skifta i originalen. Uthevingar i originalmanuset er ikkje markert i teksten. Stor bokstav etter originalmanuset så langt det kan tolkast. Komma og punktum manglar ofte i originalmanuset. For å lette lesinga og klargjere innhaldet har det difor vore naudsynt å sette slike teikn etter skjønn. For å skilje dei tilføydde teikna frå originalen, er mi teiknsetjing markert med parentes rundt teiknet: (,). Dette er også brukt der manglande bokstavar er tilføydd av meg. Tilføyingar er berre sett når det er viktig for samanhengen og forståinga av teksten. Eit unntak av dette er stiplaliner: I somme høve er stiplalinje tilført av meg, men då ikkje merkt med parentes. Elles er stiplalinjene som i originalen. Rubrikknamna er i protokollen noko ulike frå side til side. t.d. Nommer, No, Nr. og GaardeNafne, gaarde Navne. Her har eg berre gjort eit val når eg sette opp standardskjemaet. Talverdiar har eg, om desse ikkje kjem klårt fram, sett opp slik:,-,-, (våg-pund-mark/merker) Under Proprietaire og bøxelraadig sett opp eigarane slik, dersom det ikkje er fleire: namn...taxt namn...taxt Elles er det viktig å ha klart for seg at ein var ikkje så nøye med rettskriving på denne tida. Ortografien syner stor variasjon i skrivemåten av einskildord. Namn var ikkje unntak: Gardsnamna kan vere nedskrivne på fleire ulike måtar, og også personnamna. I nokre høve er skriveforma for gardsnamna ulik i eksaminasjons- og matrikuleringsprotokollen. Ved avvik og variasjonar har eg teke med fleire skriveformer. Det førekjem også at fleire ulike gardsnamn oppført under same gardsnummer i matrikuleringsprotokollen. Desse gardsnamna er teke med i avskrifta med forklaring. Feilskriving førekjem sjølvsagt i større eller mindre grad. Og sjølv om dåtidas regel var at substantiv skulle skrivast med stor bokstav i starten av ordet, er dette ikkje konsekvent i originalmanuset. Eit og same ord vert i originalen skrive på mange ulike måtar til dømes las, læs, lass, læss osv. vekselvis med stor og liten L. Skrivemåten av forkortingar varierer 20

En god Bonde, Hans Avl og Biæring

En god Bonde, Hans Avl og Biæring En god Bonde, Hans Avl og Biæring Av Povel Juel med tillegg av Hans Thode Innføring og kommentarar av Gudmund Balvoll Denne boka er lagt ut på nettet i 2011 av Institutt for plante- og miljøvitenskap,

Læs mere

Den Norske Jord-Dyrkers Bog

Den Norske Jord-Dyrkers Bog 0 1 Gudmund Balvoll Den Norske Jord-Dyrkers Bog Kommentarutgåve Manuskript av Oluf Næve 1767 Vik Lokalhistoriske Arkiv 2 Originaltekst på framsida frå Næve sitt manuskript er transkribert på side 51. Gudmund

Læs mere

Juklestad. Gardsnummer 1, bruk 1 i Jølster kommune, tidlegare løpenummer 50, bruk 1a.

Juklestad. Gardsnummer 1, bruk 1 i Jølster kommune, tidlegare løpenummer 50, bruk 1a. Juklestad Gardsnummer 1, bruk 1 i Jølster kommune, tidlegare løpenummer 50, bruk 1a. Joar Sande 2013 Innhaldsliste Historie side 3 Brukarar på Juklestad side 3 Historier frå Juklestad og Sandneset side

Læs mere

Kallsbok for Vågå prestegjeld 1722-1822 (utdrag)

Kallsbok for Vågå prestegjeld 1722-1822 (utdrag) Kallsbok for Vågå prestegjeld 7- (utdrag) Transkripsjon og redigering: Ivar Teigum assistert av Aud Sandbu. Sokneprestens kallsbok var ein protokoll der prestane skreiv inn diverse opplysningar til orientering

Læs mere

Forord. Fogaberg Fagaberg Fåberg:

Forord. Fogaberg Fagaberg Fåberg: Forord Fogaberg Fagaberg Fåberg: Det er dette bygdanamnet historikaren professor Oluf Rygh tolkar slik: Navnet er utvivlsomt opr. Gaardnavn og tilhører den nuv. Præstegaard, paa hvis Grund Hovedkirken

Læs mere

De første norske amtmænd

De første norske amtmænd Heimen, ISSN 0017 9841, bind 44, 2007, side 3 16 De første norske amtmænd Om baggrunden for amtmandsinstruksen af 1685 Av Karl Peder Pedersen Landsarkivet for Sjælland Den 7. februar 1685 underskrev Christian

Læs mere

Folketeljing 1801 for 1917 Astafiord prestegjeld. Digitalarkivet

Folketeljing 1801 for 1917 Astafiord prestegjeld. Digitalarkivet Folketeljing 1801 for 1917 Astafiord prestegjeld Digitalarkivet 23.09.2014 Utskrift frå Digitalarkivet, Arkivverket si teneste for publisering av kjelder på internett: http://digitalarkivet.no Digitalarkivet

Læs mere

Nordisk Slots- og Herregårdssymposium

Nordisk Slots- og Herregårdssymposium Nordisk Slots- og Herregårdssymposium Fyn, Danmark, 18 21 september 2014 Rapport 1 Tak til sponsorerne Dansk Center for Herregårdsforskning vil gerne takke følgende fonde for at gøre det muligt at realisere

Læs mere

Iungsdalen nær Hol (se s 7) Foto: Gunvor Synnøve Green. Hyresfår 15. Mimes Brønn frøspredning 16 Biodiversity 18

Iungsdalen nær Hol (se s 7) Foto: Gunvor Synnøve Green. Hyresfår 15. Mimes Brønn frøspredning 16 Biodiversity 18 Nr 38 Vår 2007 Lommens navn har rødder i kulturlandskabet: "Lomme" er et svensk navn for planten Capsella bursa-pastoris som på dansk hedder Hyrdetaske (herdeväska); på norsk Gjætartaske. Ligesom hyrdens

Læs mere

Fortid og Nutid. 2003 2 juni Side 81-160. Tidsskrift for kulturhistorie og lokalhistorie

Fortid og Nutid. 2003 2 juni Side 81-160. Tidsskrift for kulturhistorie og lokalhistorie Fortid og Nutid 2003 2 juni Side 81-160 Tidsskrift for kulturhistorie og lokalhistorie Fortid og Nutid Tidsskrift for kulturhistorie og lokalhistorie www.fortidognutid.dk Udgivet af Dansk Historisk Fællesråd

Læs mere

JENS ANDREAS KROGH, Søn af Biskop Krogh, deponerede frå T.hjems Skole 1803 og var sidst Sognepræst til Melhus, hvor han døde 1859.

JENS ANDREAS KROGH, Søn af Biskop Krogh, deponerede frå T.hjems Skole 1803 og var sidst Sognepræst til Melhus, hvor han døde 1859. 188 JENS ANDREAS KROQH JENS ANDREAS KROGH, Søn af Biskop Krogh, deponerede frå T.hjems Skole 1803 og var sidst Sognepræst til Melhus, hvor han døde 1859. BISKOP MATHIAS BONSACH KROGH, fød 1754 paa Vadsø.

Læs mere

02 04. juni 2011 i Tórshavn. NORNA:s 41:e symposium. Navne i kystkulturen

02 04. juni 2011 i Tórshavn. NORNA:s 41:e symposium. Navne i kystkulturen 02 04. juni 2011 i Tórshavn NORNA:s 41:e symposium Navne i kystkulturen NORNA:s 41:e symposium: Navne i kystkulturen Indhold Program... 4 Praktiske oplysninger... 6 Kort over Tórshavn... 7 Agneta Sundström:

Læs mere

Marianne Olina Bertelsdtr (Fitje) Ulleland Frå

Marianne Olina Bertelsdtr (Fitje) Ulleland Frå http://naustdal.slekt.name/ Edited by Sigmund Svoen Marianne Olina Bertelsdtr (Fitje) Ulleland Frå Marianne, gift på Fitje 1888 med Kristoffer Ullaland frå bruk nr. 1. på Ullaland. Dei reiste til Amerika

Læs mere

Henrik Lyding KOMISK NAR OG TRAGISK HELT. eller "DEN FORVANDLEDE BONDE"

Henrik Lyding KOMISK NAR OG TRAGISK HELT. eller DEN FORVANDLEDE BONDE Henrik Lyding KOMISK NAR OG TRAGISK HELT eller "DEN FORVANDLEDE BONDE" en analyse og receptionshistorisk gennemgang af Ludvig Holbergs "JEPPE PAA BIERGET" Indleveret 1985 Digital udgave 2006 Henrik Lyding,

Læs mere

Vevringudstillingen. - et mødested. Institut for Æstetiske Fag Aarhus Universitet. Underviser: Susanne Krogstrup. Anslag: 40.729

Vevringudstillingen. - et mødested. Institut for Æstetiske Fag Aarhus Universitet. Underviser: Susanne Krogstrup. Anslag: 40.729 Vevringudstillingen - et mødested Eksamensopgave i Det kulturelle felt, Æstetik og Kultur Institut for Æstetiske Fag Aarhus Universitet Underviser: Susanne Krogstrup Anslag: 40.729 Sofie Hermansen Rasmussen

Læs mere

Stortinget. Stemmerett for kvinner

Stortinget. Stemmerett for kvinner Utsnitt av lovforslag, komite-innstillinger og debatter i Stortinget om Stemmerett for kvinner 17. mai 1814-11. juni 1913 AlS O. FREDR. ARNESEN BOK- OG AKCIDENSTRYKKERI Takk I 1963 er det 50 år sidan

Læs mere

Side 1 Tittelbladet. Christiania. Trykt hos Jacob Lehmann. Side 2 [Referanse: Nasjonalbiblioteket, Oslo] Side 3

Side 1 Tittelbladet. Christiania. Trykt hos Jacob Lehmann. Side 2 [Referanse: Nasjonalbiblioteket, Oslo] Side 3 Bøyesen, Ulrik Frederik: Taler på den anordnede høitidelige Bededag, Holdne i Leirdals Hovdekirke, den 18de Marts 1814. Jacob lehmann, Christiania. Transkripsjon: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Side

Læs mere

Bestefar Nordrum. Nordrum\Rotary\Redidert frå gamle dågå 1

Bestefar Nordrum. Nordrum\Rotary\Redidert frå gamle dågå 1 Bestefar Nordrum Frå gamle dågå 2014 Eg hadde ein fargerik bestefar på Nordrum. Han var født 1870 som dein eildste tå 8 brør og heitte Moritz Pedersen. Te daglig var det ofte ferkorta te MP. Nærmeste naboen

Læs mere

Hvordan høre Gud tale?

Hvordan høre Gud tale? Hvordan høre Gud tale? Forord til læreren For flere år siden sad jeg sammen med en gruppe børn i 10-11 års alderen. Vi havde lige hørt en bibeltime, der handlede om at have et personligt forhold til Jesus.

Læs mere

BORNHOLHSKE SAMLINGER

BORNHOLHSKE SAMLINGER BORNHOLHSKE SAMLINGER BORNHOLMSKE SAMLINGER BORNHOLMSKE SAMLINGER UDGIVET AF BORNHOLMS HISTORISKE SAMFUND II. RÆKKE - 5. BIND RØNNE 1971 COLBERGS EFTF. BOGTRYKKERI ISBN 87 87042 00 2 I kommission hos William

Læs mere

Kom indenfor i LLO. ViLejere 04. Så svært er det blevet at være lejer i Danmark. Brev fra medlem: uanmeldt besøg af udlejer

Kom indenfor i LLO. ViLejere 04. Så svært er det blevet at være lejer i Danmark. Brev fra medlem: uanmeldt besøg af udlejer l e j e r n e s l o s m e d l e m s b l a d ViLejere 04 februar 2014 www.lejerneslo.dk Kom indenfor i LLO Så svært er det blevet at være lejer i Danmark Brev fra medlem: uanmeldt besøg af udlejer fik 150.000

Læs mere

MENINGER MED MENIGHEDSRÅD. Perspektiv på folkekirken nr. 3 2012

MENINGER MED MENIGHEDSRÅD. Perspektiv på folkekirken nr. 3 2012 MENINGER MED MENIGHEDSRÅD Perspektiv på folkekirken nr. 3 2012 Steen Marqvard Rasmussen Meninger med menighedsråd Hvad rådsmedlemmerne vil, synes og tror på Perspektiv på folkekirken nr. 3, 2012 - en

Læs mere

Kaupanger, Bergen og Leikanger eit embete på vandring

Kaupanger, Bergen og Leikanger eit embete på vandring Kaupanger, Bergen og Leikanger eit embete på vandring Jan Anders Timberlid Innlegg i Sogndal 18. september 2013 Efter anførte Omstændigheder Approbere Vi allernaadigst, at det Bergenhuusiske Amt deeles

Læs mere

GRUNDLOVEN PÅ LETDANSK

GRUNDLOVEN PÅ LETDANSK GRUNDLOVEN PÅ LETDANSK GRUNDLOVEN PÅ LETDANSK Grundloven til debat Af Ivar Hansen, Folketingets formand Mange har sagt, at den danske grundlov er svær at læse. Den blev senest ændret i 1953 men mere end

Læs mere

Enkelund. Fra Thyregod gårdhistorier af Ejner Bjerre Jørgensen

Enkelund. Fra Thyregod gårdhistorier af Ejner Bjerre Jørgensen Enkelund. Fra Thyregod gårdhistorier af Ejner Bjerre Jørgensen Gården nævnes ikke i det gamle skøde fra Hastrup i 1419, men i 1500-årene har den sikkert hørt under Hastrup. Som for mange andre gårde var

Læs mere

At stikke hovedet ind i naturen. Et empirisk studie af udeskole som pædagogisk arbejdsform

At stikke hovedet ind i naturen. Et empirisk studie af udeskole som pædagogisk arbejdsform At stikke hovedet ind i naturen Et empirisk studie af udeskole som pædagogisk arbejdsform Peter Bjerg Jørgensen Hovedfagsoppgave v/høgskolen i Telemark, Avdeling for Allmenne Fag i samarbeid med Norges

Læs mere

Nordens sprog nu med engelsk?

Nordens sprog nu med engelsk? BØGER Nordens sprog nu med engelsk? Af Henrik Gottlieb Bente Selback og Helge Sandøy (red.): Fire dagar i nordiske aviser. Ei jamføring av påverknaden i ordforrådet i sju språksamfunn. Oslo: Novus 2007.

Læs mere